Nye eigarar

Nytt liv, ny tid, lik kniv: Tredje generasjon Helle tar over knivproduksjon i Holmedal

Svein-Erik Helle og Jan Steffen Helle tar over eigarskap og drift av Helle Fabrikker i Holmedal. Den tradisjonsrike knivprodusenten får inn nye hovud med nye idear – basert på same filosofi, verdiar og tradisjonar som Helle alltid har stått for. 

Svein-Erik og Jan-Steffen ved arbeidsbordet.

Historia til Helle Fabrikkerer er basert på sterk vilje, sterke hender og sterke produkt. Sidan 1932 har ein laga knivar for store marknader frå vetle Holmedal i Sogn og Fjordane. Gjennom å sjå den spesielle plasseringa og det sterke lokalsamfunnet som viktige kvalitetar heller enn hindringar har ein lukkast med å levere knivar som i dag blir sett pris på som kvalitetsprodukt med ein klar identitet på alle kontinent rundt om i verda. Det er med eit sterkt fundament i denne fortida og desse verdiane Svein-Erik og Jan Steffen no er stolte over å ta Helle vidare.  

Jan Steffen Helle blir som sin farfar Sigmund produksjonsleiar. Han er ingeniør og har lenge jobba med metall som fag. Dei siste fem åra har han blitt godt kjent med produksjonen i Holmedal gjennom mange timar på golvet. «Det som er så spanande med å jobbe på Helle er at du blir involvert i alle ledd av produksjonen av eit kvalitetsprodukt, frå materialval til kvalitetskontroll», forklarar Jan Steffen. «Og så får ein jobbe med maskiner som har levd eit langt liv men blitt tatt godt vare på. Sjela i Helle er knytt til produksjonen. Og vi vil heller pleie sjela enn å erstatte den».

Svein-Erik Helle blir som sin far Svein og farfar Steinar dagleg leiar med ansvar for økonomi, marknadsføring og sal. Han kjenner bedrifta særs godt, men tenkte lenge ikkje på det som ein potensiell arbeidsplass. «Sjølv om eg er vaksen opp særs tett på knivfabrikken, er det først i vaksen alder eg verkeleg har oppdaga dei fantastiske kvalitetane der,» seier han.

«Som samfunnsvitar har eg alltid likt å jobbe internasjonalt og med folk – kanskje ikkje det første ein tenker på ein tradisjonell knivprodusent på bygda i Noreg,» forklarar Svein-Erik. «Men det er feil. Helle er store internasjonalt, nettopp fordi vi har produkt som ein ser er produsert av og med folk med ein klar identitet. Det å forvalte og utvikle denne særeigne identiteten er utruleg spanande og noko eg ser fram til å dyrke vidare.»

Solbjørg (logistikk), Anders (marknadssjef), Jan-Steffen og Torodd

Ein skal kjenne igjen Helle og ein Hellekniv sjølv i tider med endring. Tidlegare eigar og dagleg leiar Torodd Helle blir med vidare som rådgjevar. Dei erfarne hendene i produksjonen har alltid lært opp yngre hender i gamal kunst samstundes som dei har produsert. Dei endringane som kjem skal skje gradvis. Ein må aldri stoppe opp og Helle vil alltid utvikle seg. Men utviklinga skjer basert på ei sterk tru på den grunnleggande filosofien og verdiane til Helle: kvalitet, identitet og særeigenheit.